Fitjarposten var med på lyngbrenninga i Straumøyo for eit par veker sidan. Som lesarane av papirutgåva vår kan sjå, var Fitjarposten med på lyngbrenningskurset i Straumøyo. Både me og dei andre deltakarane hadde ein interessant dag.

Frå Norsk Landbruksrådgjeving møtte Øyvind Vatshelle, som seier han gjerne skulle vore med og brent meir lyng. Han har lagt ut ein fagartikkel om saka på nettet. Her minner han om at det framleis kan by seg gode sjansar til lyngbrenning før fristen går ut 15. april. Han nemner nokre viktige praktiske råd, konkretisert i Dei ti råda for lyngbrenning.

Sjå artikkelen her: http://hordaland.lr.no/fagartikler/8866