– Me var 9 personar i Stord Fitjar Turlag som reiste på sykkeltur Fyn Rundt, 28. mai til 4. juni, skriv Angunn Bårdsen til fitjarposten.no.

Ho fortel vidare: – Seks damer og tre menn møttest i Odense for å sykla ca 300 km på flotte nasjonale og internasjonale sykkelstiar. Me leigde syklar i Odense, og dei sto klar på hotellet når me kom fram. Landskapet på Fyn er vakkert og kontrastfylt frå fruktbare og velstelte sletteområde til meir kupert terreng med skog og bakkedrag. Fyn har 1130 km kystlinje og er Danmark sitt beste sykkelområde. Berre i Odense er det ca. 400 km med sykkelsti. I tidlegare tider gjekk all ferdsel til og frå Fyn med båt/ferje, men i 1938 kom første brua over Jylland, og i 1998 var det slutt på all ferjetrafikk over Storebelt.

Sykkelruta vår var lagt opp slik: Odense – Middelfart – Assens – Faaborg- Ærø/Svendborg – Nyborg – Odense.  Ca. 50 km sykling i gjennomsnitt kvar dag. I Mid delfart budde me på Hindsgavl Slott  (tidlegare kongeborg) der avtalen om at Danmark gav frå seg Noreg vart underskriven. Elles låg me på flotte hotell. Bagasjen vart transportert med bil frå hotell til hotell.

Me sykla gjennom frodig skog og flatt åkerland til Assens. Assens er ei kjent seglbåthamn med mange store herregårder, kunst- og antikksamlingar. Til Faaborg sykla me over mange bakkedrag. Området vert kalla “De Fynske Alper” sjølv om høgaste punktet er 128 m over havet. 1. juni tok me ferja frå Faaborg til Ærø og sykla på stille vegar i strålande sol og sommar. Tilbake frå Ærø tok me ferja til Svendborg. Der vart det shopping og overnatting på hotell midt i byen.

Mellom Svendborg og Nyborg går ruta langs kysten. Denne dagen vart ein nyting i fint og stille vêr med god utsikt utover havet på sykkelstiar som gjekk heilt i strandkanten. Me var innom slott og herregårder. I Fraugde kyrkje ved Nyborg ligg biskopen og salmediktaren Thomas Kingo gravlagd.

På veien til Odense igjen hadde me ein stopp i Davinge. Der er ein gammal stevneplass/tingplass under eit stort Lindetre, omkransa av steinar. Gardeigarane i gamal tid samlast der for å bestemma kva som skulle såast og kva tid det skulle såast og haustast. Det fungerte og som domstol. Me besøkte  sjølvsagt H.C.Andersens hus i Odense.

Alle var mektig imponert over velstelte garder, hus og hagar. Me kom heim med mange nye opplevingar og inntrykk, og har samla masse ny energi.