Kaia Grimen, Christina Båtstad og Hanna Båtstad framførde nydeleg Det hev ei rosa sprunge. Foto: Helga Rimmereid

Fylte kyrkja med juletonar

29 unge songarar og musikarar fylte Fitjar kyrkje med flotte juletonar då kulturskulen inviterte til julekonsert.

Slekt og vener var på plass for å høyra sine håpefulle framføra kjende og kjære juletonar og konserten synte at det er mykje god tilvekst i det musikalske kulturlivet i bygda.

Pianoelevane Malin Stokken, Hildegunn Aadland go Anna Fitjar Hjelle opna konserten med ein 6-hendig versjon av We wish you a merry Christmas. Dei vart etterfølgt av Siren Brekke og Maria Båtstad, Susanne Sørfønn og Celina Bernes, Alma Brekke og Mari Fitjar Hjelle og til slutt Martha Westerheim og Maria Korsvik, alle med strålande flott firhendig pianospel. Slikt samspel er krevjande og dei imponerte alle saman.


Johannes Sandvik Bø spelte Bjelleklang på gitar, saman med gitarlærar Jone Foldøy Grutle. Foto: Helga Rimmereid

Ingen ekte julekonsert utan gåsehud, og den første som stod for det under årets julekonsert var Eirik Fitjar, med si fantastiske framføring av O come all ye faithful, framførd på gitar saman med gitarlærar Jone Foldøy Grutle. Andre gitar-elevar som briljerte på julekonserten var Marius Pedersen, Leander Miland Helland, Johannes Sandvik Bø og den erfarne Ole Andre Stokken. Ole Andre avslutta gitarframføringane der Eirik starta, med gåsehud-versjon av O come all ye faithful.


Martine Korsvik song den flotte julesongen Himmel på jord. Foto: Helga Rimmereid

Songelevane framførde eit vidt spekter med julesongar, frå Martine Pedersen Korsvik sin Himmel på jord, via Anette Skumsnes Drønen si vare tolking av Jul, jul, strålande jul og duoen Mia Volden og Ingeborg Prestbø sin stødige versjon av Sonjas sang frå Reisen til julestjernen til Nora Marie Hellesund sin nordnorske julesalme. Hanan Anwar Ahmed hadde lagt seg på ei anna linje og framførde Adele-songen When we were young. 


Hanan Anwar Ahmed framførde When we were young. Foto: Helga Rimmereid

Nå tennes tusen julelys gjekk igjen fleire gongar under konserten, og ei av framføringa var det Eline Stokken og Vilde Heggøy på fløyte som stod for. Dei framførde og ein nydeleg versjon av Deilig er den himmel blå. 

Så må me ikkje gløyma fiolin-elevane; Kaia Grimen, Hanna Båtstad og Christina Båtstad med Det hev ei rosa sprunge og stjernenummeret I den kalde vinter med Eirin Moldestad Oma.


Alle som deltok på konserten var med forsongerar under allsongen Deilig er jorden, akkompagnert av pianolærar Orlaug K. Evensen. Foto: Helga Rimmereid

Tradisjon tru vart konserten avslutta med allsongen Deilig er jorden og utdeling av sjokoladar til dei unge utøvarane. I tillegg til å rosa elevane takka kulturskulerektor Håvard Kroka kulturskulelærarane Orlaug K. Evensen, Ole Andre Westerheim og Jone Foldøy Grutle. Kulturskulen hadde ikkje vore noko utan dei, avslutta rektoren, før han ønskte alle god jul.