Rektor Leif Helge Engelsen framfor Fitjar vidaregåande Foto: Opplæringssenteret UiS

Dermed vert det ikkje konkurranse mellom dei vidaregåande skulane på Stord og Fitjar om elevar som ynskjer å gå på desse linjene.

Fylkestinget var i dag samla i Sogndal, og blant sakane skulle opp var spørsmålet om kva fagtilbod, rom- og funksjonsprogram på Stord vidaregåande avd. Vabbakjen.

Fylkesdirektøren for opplæring i Vestland fylkeskommune fremja nemleg å starta opp ei helse- og oppvekstlinje ved Stord vidaregåande. Noko som ville setja tilbodet på Fitjar i fare.

Rektor ved Fitjar vidaregåande Leif Helge Engelsen uttala at framlegget kom som lyn får klar himmel, og politikarane i Fitjar samla seg om ei støttefråsegn for den vidaregåande skulen i Fitjar.

Vil ikkje at naboskular skal konkurrera

Alexander Fosse Andersen(Sp) fremja på vegne av posisjonen nytt framlegg til vedtak når saka var oppe i dag. Han ville ikkje ha ny helse- og oppvekstlinje ved Stord.

– Helse- og oppvekstlinja bør bli verande på Fitjar vidaregåande, uttala Andersen.

– Me ynskjer ikkje konkurrerande naboskular, og difor vil me i FrP stø posisjonen sitt nye framlegg, uttala Rosalind Fosse (FrP).

Eit samla fylkestinget røysta for det nye framlegget.