Tysdag 11. november kjem fylkesmann Lars Sponheim til Fitjar, melder Fitjar kommune si nettside. Og om du vil, kan du òg møte han i kommunestyresalen.

Med seg har Sponheim Ole Bakkebø, som «hoppa av som landbruksdirektør i Hordaland for å få fart på kommunesamanslåinga i fylket», som Bergens Tidende sa det for eit par månader sidan.

Tredjemann på laget er Stig Bang-Andersen som representerer KS.

Målet for samlinga er å orientere om kommunereforma og prosessar kring denne.

– Informasjonsmøtet finn stad i kommunestyresalen kl. 15:00 – 16:30, og alle er hjarteleg velkomne, heiter det på nettsida til kommunen.

Ingressbilde: Lars Sponheim. Foto: Venstre.