I samband med sak i formannskapet om fullmakt til å setja i verk investeringar 2010, vart det lagt fram brev frå fylkesmannen. I oppsummeringa hans vart det gjeve utrykk for at kommunen dei siste åra har vist stor evne og vilje til å kvitta seg med akkumulert underskott.

Med brevet frå Fylkesmannen var budsjettet for Fitjar kommene godkjend. Det gjev rom for låneopptak til investeringar på mest 10 mill. kroner. Administrasjonen ynskja fullmakt til å setja i verk ein del tiltak og fekk slik godkjenning av formannskapet.

Blant desse tiltaka kan ein nemna : Vidareføring av IKT skule kr. 500000, IKT adm. og fellestiltak kr. 300000, trappeheis Rimbareid skule kr. 250000, forprosjekt ny skule / ny skule Rimbareid kr. 300000, fornying utstyr Havnahuset kr. 200000, sprinklaranlegg FBB/ Havnahuset (pl.legg) kr.300000, utbetring vassnett Rimbareid kr.350000.

Desse tiltaka treng eige vedtak : Varebil m/ løfterampe kr.630000, eldresenter kr.250000, utleigebustader kr.2 mill., høgdebasseng Øvrebygda kr.3 mill., aksjekjøp/ nedbet. gjeld FKIB kr.250000. digital planregistrering kr.300000

Både tidlegare ordførar Agnar Aarskog og noverande ordførar Harald Rydland meinte administrasjonen og politikarane sjølv hadde gjort ein god jobb dei siste åra med å følgje oppsette budsjett.