Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Hordaland fylkeskommune sitt utval for miljø og samferdsel hadde i dag temadag på Fitjar, før dei skal ha møte i utvalet på Austevoll i morgon.

Utvalet hadde ein innhaldsrik dag på Fitjar, som starta med tur til Midtfjellet vindmøllepark, der ordførar Wenche Tislevoll orienterte.

Etterpå var dei på synfaring på fylkesveg 545 på vestsida av øya. Der såg dei på fullførte forbetringane og pågåande prosjekt.

Utvalet fekk god lunsj på Fitjar vidaregåande skule, der dei hadde resten av temadagen sin. Dei fekk orientering om Bømlopakken, og om statusen for dei store riksvegprosjekt frå statens vegvesen. NCE Maritime Clean Tech var ogso der, dei snakka om «grøn passasjertransport på sjø – kva må til?»

Frå ordførar Wenche Tislevoll fekk dei høyra om Fitjar kommune sine utfordringar innan miljø og samferdsel.

Marthe Hammer, fungerande komiteleiar, fortel at det har vore ein spennande dag på Fitjar.

-For utvalet er det viktig å høyra, men ogso sjå dei ulike vegprosjekta. Vi har ogso vore på besøk i vindparken. Dette er ei viktig sak framover. Det å læra meir om Fitjar sine erfaringar med parken er difor veldig interessant.

Marthe Hammer, her med Geir Angeltveit og Svein Halleraker utanfor Fitjar vidaregåande. Foto: Jarle Jacobsen

 

- Annonse -