Det var eit trøkk me knapt har opplevd maken til i Fitjar under gårsdagens konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Ein gledesstrålande Geirmund Aga i styret for Fitjarfestivalen kunne konstatera at både Hanne Boel og Vestlandsfanden blei fulltreffarar. Huset var smekkfullt, over 800 nytta det sjeldne høvet til å møta både den skandinaviske souldronninga Hanne Boel og sjølvaste Vestlandsfanden.

Til glede for arrangøren Fitjarfestivalen og aktørane fylte fitjarbuar og naboar frå andre sida av øyo heile Fitjar kultur- og idrettsbygg under hovudkonserten. Det opna litt forsiktig under konserten til Hanne Boel, som kjent er fitjarbuar litt blyge og forsiktige. Men det var før ho inviterte publikum fram til scenen, og introduserte «en skøn blanding» musikk for det feststemte publikummet. Det blei snart klart for alle og ein kvar at det var ein verdsartist i huset.

Hanne Boel har eit band frå øvste hylle, med mellom andre norske Tobias Pfeil på gitar. Saman med bandet sitt viste Hanne Boel kvifor ho er ein av dei fremste artistane i Skandinavia. Me fekk høyra soul, blues og jazz av den flottaste røysta i Skandinavia.

Verken sjarmen, stemma eller dama sjølv ser ut til å vera merkt av tidas tann, sjølv om Hanne Boel snart fyller 57 år. Sidan 1988 har ho toppa hitlistene i Danmark og dei andre skandinaviske landa, og levert flere tusen konsertar rundt i Europa. På Fitjar let ho publikum høyra låtar som har gjort henne kjent, som ”Don’t Know Much About Love”, ”Black Wolf”, ”Talk It Out”, ”(I Wanna) Make Love To You” og ”Light In Your Heart”.

Og ho gav seg ikkje før ho hadde gjennomført dei annonserte 90 minutta. Ho avslutta konserten med låten «Starting All Over Again» – og me følte at denne konserten kunne me gjerne vore med på ein gong til!

Etter halvannan time med musikk frå øvste hylle, frykta me ein augneblink at lufta var gått ut av både idrettshallen og publikum. Men det var før Vestlandsfanden entra scenen; på få sekund «tok» Reidar Brendeland og bandet hans lokalet, og hadde publikum i si hule hand i over ein time. Me fekk høyra den eine kjende låten etter den andre, med fullt rocka trøkk. Publikum visste å setja pris på prestasjonen, og samla seg framfor scenen i jubel.

Ikkje uventa avlutta Vestlandsfanden konserten med låten «For livets glade gutter går solen aldri ned», i ein kraftig rocka versjon. Over 30 år på evig turné ser ikkje ut til å ha teke lufta ut av Reidar Brendeland, han er akkurat den same som me lærte å kjenna i den røykfylte «Hulen» i Bergen på byrjinga av 1980-talet.

Dessverre gjekk sola etter kvart ned for enkelte andre av oss, som ofte må ta pause i meir enn fem minutt. Dermed måtte dei lokale heltane Raititai band klara seg utan oss då dei avslutta ei lang natt i idrettshallen.