Fineveret hindra ikkje at det vart mest fullt hus på Cafe Annemor då songstunda "Hugsar du" starta opp att etter ferien, onsdag kveld. På desse kveldane syng ein mellom anna mange velkjende songar frå tidlegare tider sine songbøker. -Det skulle berre vore mykje oftare, seier Annemor Larsen sjølv, som var til stades på arrangementet, onsdag. Håkon C. Hartvedt leiar kveldane, og fortel små historier og anekdotar  i mellom allsongane. Lars K. Helland (trekkspel) og Jakob Vik (mandolin) er med som musikarar.

- Annonse -