Alt låg til rette for suksess, og suksess vart det då "Herborg og Hope" gjesta Kulturhuset i Fitjar, laurdag.

Fitjar Kulturhus var fylt til randen, og folk humra og lo over dei mange elleville innslaga frå Herborg Kråkevik og Christine Hope.  Parodiar på mange, mellom anna Sissel Kyrkjebø,  var svært gode.  Dei hadde også lokale innslag som dei hadde snappa opp gjennom "Sunnhordland."

Tilbakemeldingane frå publikum etter framsyninga var svært gode.  Mange uttrykte for at dei er glade for at Fitjar Kulturhus klarer å skaffa så gode artistar til bygda.