Det lokale dansebandet The Revivals trekte fullt hus i kultursalen laurdag kveld. Stemninga var upåklageleg då The Revivals drog i gang det rikhaldige repertoaret sitt i 23-tida laurdag kveld. Vokalist og gitarist Sigurd André Maraas hadde med seg Bjarte Maraas på gitar, Rebecca Alsaker vokal, Årstein Tislevoll på bass og Ansgar Helland på trommer. På førehand lova Sigurd André å ta ut alt på scenen, slik at publikum skulle få ein «heidundrandes» fest saman med dei. Og det såg lovande ut då me var innom.

Som lova kom låtane frå John Fogerty og Creedence på løpande band. Men me høyrde og Elvis, Beatles og andre kjente og kjære låtar. Og alt var godt dansbart, noko eit takknemleg publikum såg ut til å gle seg over.