Kabareten «Håtta du?» samla smekkfullt hus då han var framført i mai. Mindre folk var det ikkje i går kveld. Ei strålande framføring som var scenisk vidareutvikla sidan sist me såg ho.

Dei aller fleste av dei nye regi-grepa gjorde òg førestillinga betre etter vårt syn. Det einaste som ikkje fungerte heilt godt i denne samanhengen var framføringa av «Songlaget». Det vil seia: Regien var spennande her òg, men koret vart noko dominerande slik at mykje av teksten som vart framført av Tom Rydland, forsvann.

Elles var me storleg fornøgde. Tekstane til Tora Vestbøstad, Lars, Jakob og Harald Vik, Signe Lunestad og Marta (Vestbøstad) Hageberg er både morosame – og lokalhistorie på sitt beste. Startsongen «Da e lengje sio no» sette med ein gong den rette stemninga i salen, og avslutningssongen: «Du Fitjar, du Fitjar» er mest for ein lokal nasjonalsong å rekna. Når den vart sunge til slutt kjende me på at me var stolt av å tilhøyre fitjarsamfunnet.

Tidlegare hadde perlene kome på rekkje og rad. Og me høyrde berre kor det lo og humra omkring oss av både attkjenning og artige poeng etter som den eine lokalskildrande teksten avløyste den andre.

Martin Hatlevik gjorde ei fantastisk framføring av «Tedneviso» og Tom Rydland fekk låtten fram flotte framføringar av både «Bilkronikken» og «Den elektriske viso». (At han kom litt ut av teksten endrar ikkje på det.)

17. mai-prologen ved Henning Wichmann var ei latterbombe denne gongen òg. Endå meir enn sist. Denne gongen hadde ein fått tak i «den rette teksten», endå meir morosam enn den som vart framført i vår.

Ann-Sofie Drønen og Torhild Lunestad Andersen var truverdige både som solistar i vekselvis «Blåfallsviso» og «Foreningen min» og i «Handleviso», som dei song i lag. Artig og godt framført. At biletet av den gamle foreininga var teke bort under framføringa av «Foreningen min», synest me var bra.

Så lo me igjen av «Torgdagen». – Aldri har me sett Osternes Mannskor slik, sa den glitrande konferansieren, Svein Kåre Meling. Og det er sant og visst! Både at Osternes mannskor spelte ut sider av seg sjølv som me ikkje til vanleg ser, og at Svein Kåre Meling er ein fantastisk konferansier. Betre konferansier har me ikkje her i bygda.

Kontorvisa på revyvis om dei tre tidlegare kommunearbeidarane Tronshaug, Hardeland og Lunestad med melodi frå røvarvisa i «Kardemommeby», gav oss sus frå tidlegare revyar. Skikkeleg bra.

Til slutt vil me fullrosa Ingolv Rimmereid.

Godt opp i åra er han. Men framføringane hans av «Skuleviso» og «Besten» var rett og slett imponerande. Nokre av høgdepunkta for oss denne gongen.

Innimellom var det opplesing frå jubileumsboka «Fitjar 150 år». Gode og fengjande utval som forfattarane har all ære av.