I går snakka me om basar om «stinn brakke» i Kultursalen. Då Fitjar skulekorps heldt marknad i dag, møtte endå fleire opp. Nærare 300 totalt. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Korpset er i vinden for tida. Etter flotte framføringar, ikkje minst med Swing & chill, er dei populære som aldri før, og flott var det dei presenterte i dag òg.

Flott innslag av Silje Rydland (t.v.) og Guro Rimmereid. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

I tillegg fekk me eit flott gjenhør med Fitjar Barnegospel – og flott gjestespel av  Sagvåg Skulekorps.

.

Frå Fitjar Barnegospel. Foto: Håkon C. Hartvedt

Korpset kallar arrangemanget sitt for marknad, men noko særleg forskjellig frå andre basarar er opplegget likevel ikkje. Også her var det to rundar med svært godt organisert åresal, sal på hovudbok og barnebok – og diverse andre trekningar.

Ute i foajeen kunne ein òg i kveld kjøpe freistande godsaker – og stemninga var strålande, der òg.

God stemning og freistande godsaker i foajeen. Foto: Håkon C. Hartvedt