Ei fullsett Fitjar kyrkje fekk med seg Ytre Suløens Jass-ensemble på temakvelden i Fitjar kyrkje i kveld.

Som venta vart konserten ei swingande oppleving i beste New Orleans-stil med mange solo-breaks der dei forskjellige dyktige musikarane fekk vist seg fram.

Såleis fekk me nærare kjennskap til kvalitetane til veteranane Einar Aarø på banjo og Jens Arne Molvær på klarinett. Desse to har vore med ensemblet frå starten for 30 år sidan.

Vidare fekk me høyre Sturla Hauge Nilsen på trompet, Gunnar Bech (trombone), David Gald (tuba), Kristoffer Tokle (trommer) og Morten Gunnar Larsen, piano. Og ikkje minst: alle i swingande samspel.        

Vokalsolist Tricia Boutté skal ætte etter Mahalia Jackson, og mykje av hennar repertoar i kveld var lagt opp etter det. I ein del passasjar kunne ho òg minne om verdas mest berømte gospelsongarinne.

Etter det fitjarposten kunne sjå, var folk mykje godt nøgde med det dei fekk høyre.