Fitjar tok sin fjerde strake siger i 5. divisjon fredag kveld då dei vann 2-0 over Solid i Hustrudalen.

A-laget til Fitjar er verkeleg i flytsona, og kunne ta med seg tre nye poeng heim over Morkjo etter å ha banka Solid i kveld. Fitjar var det klart beste laget kampen sett under eitt; Solid hadde eigentleg ikkje sjansen til å vinna kampen. Til det var dei for tannlause, og Fitjar-forsvaret altfor godt samspelt. Dei to-tre sjansane som Solid fekk på heimebanen sin i kveld kom av dårleg konsentrasjon og mistydingar mellom Fitjar-spelarar.

I første omgang noterte me knapt ein einaste målsjanse for nokon av laga før Fitjar gjekk opp til 1-0 sekundar før pause. Jan Åge Tislevoll kom til eit farleg skot frå rundt 16 meter, men Solid-keeper Idar Volden Mjønes fekk med nød og neppe redda. Den påfølgjande corneren blei klarert, og ballen hamna på rundt 25 meters hald. Der kom Kjell André Thorland stormande, og lobba ballen elegant over heile Solid-forsvaret og bak ein sjanselaus Solid-keeper.

Dei poenglause vertane var farleg frampå i byrjinga av andre omgang. Christopher Kalve la fint inn frå venstrekanten, men Fitjar-forsvaret hadde ingen problem, for Solid kom ikkje etter med mykje folk. Alt i alt var dette symptomatisk for Solid i denne kampen. Det blei for spedt, og eit godt samspelt Fitjar-lag hadde få problem med å rydda unna. Etter kvart blei spissen Jan Åge Tislevoll ei større og større plage for Solid-forsvaret, og det var ikkje tilfeldig at det var han som fekk gleda av å avgjera kampen med scoring etter 62 minutt.

Med 0-2 imot kjempa Solid hardt for å redusera, og kampen hardna til. Men store sjansar blei det ikkje før heilt på slutten. Fem minutt før slutt fekk me sjå ein uvanleg slepphendt Fitjar keeper, men Fitjar berga seg med eit nødskrik. På overtid kom Solid til eit par sjansar pga. misforståingar og dårleg konsentrasjon i Fitjar-forsvaret. Men dei kom ikkje nærmare enn eit skot i stolpen, og ein retur fem meter over mål.

Fitjar-trenar Kjell Træet seier seg svært godt fornøgd med kveldens innsats. – Ein fullt fortent siger, seier han. Og det er ikkje vanskeleg å veira einig, og det gjer alltid ekstra godt å slå Solid. Heile laget til Fitjar heng godt saman, og alle står kampen bra, men spørsmålet er om Solid er nokon god målestokk. Det er nok ikkje tilfeldig at dei står utan poeng så langt, dei manglar både gjennombrotskraft i angrep og ro i forsvaret. Det hjelper litt at dei har ein strålande Roger Almås på midtbanen, men ei svale gjer som kjent ingen sommar.

På Fitjar må Jan Åge Tislevoll trekkjast fram for ei scoring og mange gode forsøk. Elles var det jamt bra spel over heile linja, laget jobbar godt saman, og det skal bli spanande å sjå om dei klarer å følgja opp den flotte starten på sesogen. Med fire sigrar på rad ligg dei på førsteplass på tabellen i 5. divisjon med sine 12 poeng. Neste kamp er heime onsdag 8. mai, mot Hetlevik, som til liks med Solid kjempar i botnen av tabellen.