Størst aktivitet var det nok på kaien.

Men heile tida var det ein jamn straum av folk som gjekk i gatene eller inn og ut hos Spar Fitjar. Ved hovudinngangen sat to damer og selde lodd til inntekt for NLM si misjonsmesse seinare på hausten. Flotte gevinstar stod skrivne på ein plakat og nokre var også utstilte. Mange spør ikkje etter kva slag gevinstar ein kan vinne, dei er berre interesserte i å støtte ei god sak.

Ingen festival utan aktivitetar for borna og sjølvsagt høve til å kjøpe is. Karet med småfisk og krabber såg ut til å vere populært. I nærleiken var det høve til ansiktsmaling, noko jentene er mest interesserte i. Ved rutsjebanen måtte ein stå i kø, det same for dei som ønskte ein runddans i ei plastboble. Forståeleg nok vart det vanskeleg å finne parkeringsplass i dag. Midt på ettermiddagen stod fleire bilar parkerte i svingen ved «Operahuset». Framfor rådhuset floka det seg til stundom når bilar var parkerte utanom oppmerka plassar. Veteranbilane var ikkje medverkande til denne korken.

Kunstutstillinga i øyane gjorde sitt til at mykje folk gjekk til og frå. Mange småbåtar stod for transporten dit. Fredag kveld såg me snurten av Flaggruta i det ho bakka ut frå Meierikaien. Det seiest at det var etter avtale med arrangørane av Five thousand generations of birds, og me vel å tru at mange kunstinteresserte gjekk av på den gamle snøggbåtkaien.

Store flokkar av Vindparkinteresserte personar møtte opp ved Kulturhuset for å bli med på guida turar i Midtfjellet. Pågangen var større enn forventa,

Ein må heller ikkje gløyme at fisketevling og konsertar skapte liv og røre på denne flotte laurdagen i tillegg til salsboder og servering i matteltet.

steroidi legali