Tradisjonen tru fylte fitjarfolket, og andre med, Fitjar kyrkje 1. påskedag der bodskapen: -Kristus er oppstanden. Ja, Han er sanneleg oppstanden, vart understreka, både i ord og tonar.

Særleg flott var det at ein del barn og ungdommar på bakarste benk på galleriet song med så det ljoma, i tillegg til fulltonande og god song av kyrkjelyden elles.

Det var òg vakker solosong av Arve Rydland. 

Elles var det gjort plass til både dåp og nattverd på denne påskegudstenesta.