Tradisjonen tru var det ei fullsett kyrkje sokneprest Olav Oma kunne sjå utover under gudstenesta på Grunnlovsdagen. Ei gudsteneste der soknepresten fekk oss til å vende blikket mot dei som ikkje har det så godt som oss.

Etter å ha peika på korleis me har det her i landet med vår grunnlov, våre verdiar og våre rettigheiter, og korleis Grunnlova har blitt endra for å ivareta dei gode verdiane, sa presten mellom anna:

– Hadde det ikkje vore bra om andre barn hadde dei same rettigheitene som dei har hos oss? I Fedrelandssalmen vår heiter det: «Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma». Og så er det jo slik at om ein er urettferdig med søsken, vert det ugreie. Me treng kvarandre, og me er alle eitt i Kristus. Difor skulle dei godene me har òg bli våre søsken utanfor vårt land til del, sa Oma mellom anna.

Osternes Mannskor framførte først «Gud signe Noregs land» og slutta med den overlag vakre «Når fjordene blåner». Når ein kjem til refrenget: «Gud signe deg Norge, mitt deilige land», og me får syngje med, bryt fedrelandskjærleiken verkeleg på bakom vesten. Og for underteikna vert det alltid slik at eg ser for meg scena i «Sound of Music» der familien Trapp syng «Edelweiss», før dei må flykte frå landet sitt. Like fantastisk kvar gong.