I år etter år har fitjarfolket fylt kyrkja på 1. påskedag. Og 2007 vart ikkje noko unntak.

Sokneprest Olav Oma leia gudstenesta og heldt preika for dagen. Han fekk òg forsamlinga med på den eldgamle påskehelsinga der presten seier: -Kristus er oppstanden, før kyrkjelyden med samstemt røyst svarer: -Ja, Kristus er sanneleg oppstanden!

Svært mange var òg til nattverd denne dagen. Me kom rett og slett ut av talet på kor mange gongar alterringen vart fylt opp med nattverds-søkjande. Alt i alt ein flott markering av denne største dagen i vår kristne høgtidsfeiring.