Politiet. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Ho skal ikkje ha blitt skada i uhellet.

Onsdag ettermiddag får Stord24 melding om full uttrykking mot området Koløyholmen på Fitjar.

Operasjonsleiar Dag Steinkopf i Sørvest politidistrikt fortalte først til Stord24 at det dreia seg om ei mogleg trafikkulukke.

Men etter at patruljen kom til stadene viste det seg at det ikkje var andre bilar involvert.

– Etter nærmare undersøkingar dreier det seg om fall på sykkel. Det er ingen personskadar og politi og helse har avslutta på staden.

Steinkopf sa til Stord24 at den første meldinga som naudetatane fekk inn kunne tyda på at situasjonen var meir alvorleg.

– Barnet er funnen på bakken på sida av ein sykkel. Det er uvisst om ho har blitt treft av andre køyretøy eller køyrt inn i noko sjølv. Ifølge den første meldinga var ho bevisst og klaga over smerter, sa operasjonsleiaren.

Hendinga skal ha skjedd i krysset Koløyvegen/Fitjarvegen.