Fitjarambassadør Ingve André Strand blei ståande att på plata då starten gjekk i A-finalen under dagens NM-runde i crosskart i Solør.

Dermed måtte fjorårets NM-vinnar i crosskart sjå dei argaste konkurrentane sine kjempa om dei fremste plassane, medan han sjølv måtte luska slukøyra tilbake til depotet.

Likevel er det ingen slukøyra crosskartførar me har på tråden frå Røldal søndag kveld. – Me kom oss av garde tidlegare enn vanleg, me slapp jo seremoniar etter løpet i dag, seier Ingve med galgenhumor, me er heime igjen i eitt-to-tida, og no er me ved godt mot!

– Men årets NM-gull kan eg skyta ei lang, kvit pil etter, seier han.

Kva som gjekk gale i dag, har han ikkje noko godt svar på. Då starten gjekk, stoppa plutseleg motoren, og Ingve blei ståande att på plata medan dei andre stakk av garde. Han fekk start på motoren rett etterpå, og har ikkje funne årsaka til den forsmedelege stansen enno.

Med flausen på startplata måtte Ingve nøya seg med 9.-plassen i NM-runden i Solør, på ein bane der han har ei rekkje gode resultat å sjå tilbake på. Dette er eit uvanleg dårleg resultat til Ingve å vera, og han sleit meir enn vanleg med å hevda seg i toppen denne gongen. Sjølv om karten fungerte bra, like til den famøse starten på A-finalen.

I dei innleiande heata møtte han sterke konkurrentar, og fekk to tredjeplassar og ein andreplass i «røvarheat» som var nesten som A-finalar å rekna. Det gav 2. startspor i B-finalen. Det er mange år sidan Ingve har vore innom ein B-finale. Men her hadde han godt trøkk, og hadde ingen problem  med å vinna den og komma seg til A-finalen.

Her fekk han 8. startspor. – Der var det godt feste på rein, fin asfalt fordi ingen hadde stått der og spunne tidlegare i dag. Og det kraftige regnvêret gav forhold som favoriserer meg. Derfor hadde eg god tru på det før A-finalen, seier han til Fitjarposten.

Men det var altså før motoren streika medan konkurrentane gjorde opp seg imellom om dei fremste plassane. No vonar Ingve å kjempa om ein tredjeplass samanlagt i NM, men då treng han eit godt resultat i siste NM-runden, på Bjorli 5. september.