Det var mest full kyrkje då den kjende presten og forfattaren Karsten Isachsen gjesta Fitjar kyrkje med evangelium, humor og livsvisdom, onsdag kveld. Isachsen har ein heilt spesiell evne til å nå fram til folk med det han vil seie. Tydelig tale, illustrerande og gode historier samt gode ord om Guds nåde, var noko av det fitjarbuen fekk med seg. : -Viss du stiller ditt liv til disposisjon for Gud, vil Han kunne gi deg alt! For i den nye pakt er det nok at Jesus har halde pakten! Og som eit døme på livsvisdom tek me med denne: – Eg er ikkje lenger så oppteken av at folk skal lika meg. Eg vonar heller at folk vil lika seg sjølv, og kjenna seg løfta opp, når dei er saman med meg.