I fjor feira sommarrevyen på Fitjar 20 år med gull og glitter. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Årets sommarrevy på Fitjar levde verkeleg opp til namnet sitt «Full fyr i teltet».

Stemning var høg i teltet ved Fitjar fjordhotell allereie før revyen tok til. Revykongen Ole Bergesen, som har vore på scena 19 av dei siste 20 år, og hotelldirektør Ronald Hareide var dei første til å entra scena for kvelden.

Her skulle det skålast for at sommarrevyen var 20 år, og Hareide poppa ei flaske musserande for dei 70.000 menneskja som har vore innom teltet på desse åra. Deretter overraska og spanderte eit glas med sprudlande til alle i salen, til vill jubel frå publikum.

Revyen starta med eit felles songnummer frå revyartistane. I flotte glitrande antrekk leverte dei eit flott nummer saman. På scena i år møter ein Ole Bergesen, Ole André Westerheim, Kristian Arntsen, Frank Robert Andreassen og Britt-Synnøve Johansen.

Som ein ekstra jubileumsfeiring har ein lova ulike gjesteartistar utover sommaren. I går fekk salen eit gjensyn med Terje Træet og Henning Wichmann.

Terje Træet som Tore Eikeland. Foto: Ingrid Hovstad

«Ordføraren» takka

Terje Træet hjelpte Bergesen med å tøysa med firmaa som var på premieren i diktform, før «ordføraren» i Fitjar kom med ei helsing til revyen. Britt-Synnøve Johansen leverte ein strålande parodi av Wenche Tislevoll. Revyjubilantane fekk overleverte eit kunstverk frå ein lokal kunstnar, før «ordføraren» braut ut i song. Eit morosamt nummer, som fekk vist fram den flotte songstemma til Johansen.

«Ordføraren» i samtale med Ole Bergesen. Foto: Ingrid Hovstad

Ut over kvelden vart det levert fleire gode parodiar. Geir Tore Søreide, Tore Sigurd Fitjar, John Karsten Raunholm, Kjell Nesbø, Angunn Bårdsen, Knut Arild Hareide, Olaug Bollestad og Tore Eikeland. Salen kokte når Terje Træet leverte sin velkjente parodien av den tidlegare fastlegen frå Fitjar.

Tya (Westerheim) og Geir Tore (Bergsen) ler saman. Foto: Ingrid Hovstad

Publikum hadde ogso sakna «Oscaren», og ein kunne til og med høyra folk som hysja for å få med seg karakteren til Henning Wichmann.

Mange hadde sakna «Oscar». Foto: Ingrid Hovstad

Mykje lått og løye

Revyartistane leverte mange gode sketsjar, mange med flotte musikknummer i. Blant anna leverte dei ein morosam Biltema sketsj med heile 7 ulike songnummer. Flotte songnummer er nok enklare å levera når ein har eit stødig band med seg. Kapellmester Svein Ragnar Myklebust saman med Jan Evald Kleppe, Rudolf Fredly og Ole Rasmus Hjelle stod for flott musikk heile kvelden.

Det er ikkje lett å finna fram i den store Biltema-butikken. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjarposten sin utsendte vil ikkje røpa for mykje om nummera, men må berre bringa fram Ole Bergsen, Britt-Synnøve Johansen og Ole André Westerheim sin strikkesketsj. Med nydelege ansiktutrykk leverte dei «sjå kva eg har strikka» til melodien av Beyonce sin «Diva».

Heftig strikking. Foto: Ingrid Hovstad

Ordføraren delte ut blomar

Kvelden vart avslutta med ein ny fellessong frå artistane, før ordførar Wenche Tislevoll fekk takka for 20 år me revy. Ho dela ut blomar på vegne av Fitjar kommune, før hotelldirektør Ronald Hareide overraska artistane med kvar sin skulptur. Revykongen Ole Bergesen fekk ein litt større skulptur enn dei andre, og ekstra ros for alt arbeidet han har lagt inn i revyen. Til ståande applaus bukka ein litt smårørt Bergesen til publikum.

Seinare på kvelden vart det allsong stødig leia av  Ole André Westerheim og Frank Robert Andreassen.

Alt i alt, ein strålane revy, som kan bringa fram latteren hos både Fitjarbuarar og tilreisande.

Ingen sommarrevy utan Fitjarbuen. Foto: Ingrid Hovstad