Klubben på Fitjar bedehus er svært pupulær, og samla denne veka over 50 ungar frå 5.,6. og 7. klasse.

Barnekoret har knapt rukke å avslutta før dei som vil på klubben tek til å strøyma inn dørane på bedehuset. Marianne H. Aarbø og Kjerstin Stokken står blide og spende og tek imot. For to veker sidan var det 30 stykker på Klubben, kor mange vert det i kveld tru? Det ser ut til å bli mange, og nokon av dei som kjem er her for aller første gong.

Dei som kjem vert raskt delt inn i ulike aktivitetsgrupper etter eigne ynskjer. «I dag vert det dessverre ikkje radiostyrte bilar», fortel Kjerstin, «for nokon av leiarane er sjuke». «Åneiiiii», høyrer me frå salen. Men dei er raske med hendene opp når det vert andre grupper å velja. 5 stykker går inn på kjøkenet og tek til med å laga vaffelrøre, for så å steika store mengder vaflar. Så er det ein roleg jentegjeng som har lyst å vera med Marianne på scrapping. Ein flokk hiv seg på Playstation-gruppa, som denne gongen vert leia av 7. klassingen Sindre Aarbø sidan det er litt fråfall av leiarar i kvelden. Foto vert det heller ikkje i dag, dessverre. Nokre går ned i kjellaren for å snikra kassabil. Så vert den store gjengen som sit igjen med på Tull og tøys-gruppa. Dei er så mange at dei går ut for å halda på med ulike leikar. Først er det kanonball. Så har dei ein ny type tikken, som er slik at dei er fri dersom dei gjev nokon ein klem. Det blir full fres med mykje springing, og ein del klemming.

I kjellaren står ein ferdig kassebil frå i fjor, og no held dei på med ein ny. Nils Birger Vestbøstad måler og sagar, Ingrid Tveita som har litt snikkererfaring frå før set i spikrane, og drillmeister Sverre F. Brekke skrur. Til slutt får dei alle ein prøvetur i bilen frå ifjor. Kjempekjekt med full fres ned den litle bakken på parkeringsplassen ved bedehuset. Dei skulle gjerne teke mange turar, og det er så kjekt at me reint gløymer at no skal det vera samling inne. Alle ventar på kassabil-gjengen…

På samlinga stemmer dei i allsongen Levende vann så det ljomar over heile huset. Så fortel Kjerstin Stokken frå Bibelen. Frå å vera fult leven og vill stemning vert det no heilt stille. Det handlar om dei 10 bod, og om Jesus som gav dei eit nytt bod som omfamna alle dei andre; det doble kjærleiksbodet. Dei fleste er aktivt med og rekk opp handa og vil svara. Nokre vert så ivrige at dei ikkje klarer å sitja i ro på stolen men må opp og stå. Andre gløymer eit øyeblikk at dei skulle vera stille, men det vert ikkje verre enn at Kjerstin får avslutta og får formidla poenget om at kjærleiken både skal gå oppover og utover. Det er full fres her og, og alle må testa ut den hugse-rørsla som Kjerstin viser.

Så endeleg er det mat, og tid for prat. Her boblar det over og støynivået vert snart ganske så høgt. Litt kaos under maten blir det lett med 50 svoltne og tørste ungar. Ei myndig Oda Rydland prøver å halda orden i matkøen, og etter kvart går det stort sett roleg for seg. Rundt borda sit dei og pratar og nokre er litt skuffa over at det berre vart ei vaffel på kvar. Dei var jo så kjempesvoltne, og ikkje minst tørste. Saft er det heldigvis nærast ubegrensa mengder av.

Rolf Solli er her for første gong, og han syns det var kjempekjekt. Han valde utegruppa og likte godt å spela kanonball. «Eg hedda ballen, og da va dritgøy!», forklarer Rolf. Nils Birger Vestbøstad trur dei på bilgruppa hadde det aller kjekkast, for det var så kjekt å prøvekøyra kassabilen frå ifjor.  Ein del har vore her mange gonger og kjenner seg heime på klubben, andre var på besøk siste gongen i vår, og har gått å venta heile sommaren på å få gå på Klubben fast.

Klubben, som held til på Fitjar bedehus, er for dei som går i 5.-6. og 7. klasse. Det er Klubb annakvar veke, torsdagar kl. 18.45-20.15, og det kostar 10,- kvar gong. Pengane dekker maten som dei får på slutten. Dersom ein ynskjer å gå fleire gongar og å vera medlem kostar dette 50 kroner, som er med å dekka drifta av akvititetane. Alle leiarane, og dei er det mange av, jobbar dugnad her, som så mange andre stader.

På spørsmål om det er nokon som vil stilla opp for eit gruppebilete til Fitjarposten stormar dei til, for alle vil visa at her på Klubben med stor K, her har dei det kjempekjekt og her er det full fres nesten heile tida!