Det er travel tid på båthotellet dei siste dagane før påske.

Me treffer to opptekne menn på Fitjar Småbåt- og Fritidsservice i ettermiddag.

Arnt Helland står ute og spyler ein båt som straks skal setjast på sjøen, medan Oddvar de Fine tek seg av to kundar innandørs. Litt seinare får han tid til ein liten prat.

– Sant og visst er det travle dagar, seier Oddvar. Både fastbuande og hyttefolk vil ha båtane sine klar til påskeferien. Ein tredjedel av fritidsbåtane på vinterlageret skal sjøsetjast med det første. Folk flest vonar på fint vêr og høve til turar på sjøen i påska.

Vinterlageret vert av mange kalla båthotellet. Namnet må høve godt, tenkjer me, for her får båtane full service, etter avtale med kvar eigar.

Færre og færre ønskjer å overhale båtane sine sjølve. Me skjønar at det kan bli ein del overtidsarbeid i mars og april når lageret tel nærare 130 båtar av ulik storleik.

– Men me har ein triveleg og allsidig jobb, seier Oddvar. – Firmaet vårt gjev full sysselsetjing for Arnt og meg  heile året. Vår og haust er det lagring og utkøyring. I mellomtida føregår det ulike reparasjonar og vedlikehald. Sommarstid tek me overhaling på båtar som ikkje står her om vinteren.

Hit kjem folk med båtane sine frå Bømlo, Tysnes, Kvinnherad, Stord og Fitjar. Nokon fraktar båten på tralle, medan andre kjem sjøvegen. Firmaet leiger plass med utkøyringsrampe i sentrum, og derifrå sørgjer me for transport til verkstadhallen i Årskog, fortel Oddvar.

I den eine store hallen er det og høve til å kjøpe båtrekvisita av ymse slag, Yamaha-motorar og Pioner-båtar. I desse dagar averterer firmaet Pioner 14 Active, ein heilt ny modell med toppfart på 24 knop.