I snart to veker har det vore trygg is på vatn og tjørnar. Born og vaksne har skeisa, gått på ski og fiska.

I dag fekk me auga på noko som nesten flaug over isen. Kiting er rette namnet på aktiviteten som vart utført, og utøvar var Gunnvald Aarbø. Han fortel til fitjarposten.no om ein skøy, spennande og avslappande sport. Med sele på kroppen der draken er festa og ski på føtene, får han god fart slik tilhøva var i dag, med vind på ti – elleve meter i sekundet. Ein kan ikkje bruke vanlege ski, men snowboard eller telemarkski med slalomstøvlar, fortel Gunnvald. Kating virkar mest som ein seglbåt som kryssar mot vinden. Viss vinden vert for sterk, kan ein dra i ei snor og få mindre fart, eller dra i ei anna snor og selen løyser seg heilt ut. Det var litt lang avstand då me fotograferte kitaren i dag, og me fekk ikkje sjå utstyret på nært hald, men me reknar med at Gunnvald brukte hjelm og vindtette klær.

Kiting kan utøvast både som vintersport på snø og is eller sommarstid på sjø eller vatn. På Jæren til dømes ser ein ofte kitarar på sjøen ein kald og vindfull vinterdag. Aktiviteten har vore populær sidan slutten av nitti-talet, har me lese i ein brosjyre.

Gunnvald deltok på eit kite-kurs for mange år sidan, men lærdommen vart lite brukt og gjekk mest i gløymeboka. I dag reknar han seg som nybegynnar. Det vart nokre kjekke timar på isen i dag, seier Gunnvald til slutt.