Oddvar de Fine og Arnt Helland har mykje å gjere i Fitjar småbåt og fritidsservice AS for tida.

I vinter husa båthotellet i Årskog omkring 130 båtar. – Me har det travelt for tida, seier Arnt Helland.

Dagleg leiar, Oddvar de Fine, fortel at talet på båtar som blir vinterlagra hos dei, har vore jamt dei to siste åra.

I tillegg gjer dei ein del reparasjonar på båtane som ligg inne. – Det er mykje av både service og vedlikehald, seier de Fine.

Bedrifta har kundar i heile Sunnhordland. – På vinterlagring har me jo til og med båtar frå Bergen som kjem nedover. Der oppe er det ganske sprengt på den biten.

I sommarmånadene er det fleire som ringer karane i Fitjar småbåt og fritidsservice for hjelp.

– Det er ein god del som kjem på hytta, og ser at noko er feil med båten. Me prøver så langt me kan å hjelpa, seier de Fine.

Fitjar småbåt og fritidsservice blei etablert i 2007, og har ein visjon om å vera båtfolkets førsteval i Sunnhordland, ifølge Facebook-sida deira.

Oddvar de Fine meiner det er viktig at kunden får det dei er lova. – Me prøver å yte god service og gjere den jobben me skal gjere, ikkje minst til den tida me har sagt me skal gjere den.

For å få unna den store arbeidsmengda i år har dei tidvis hatt ein ekstra mann med på laget, men stort sett er dei berre to. Bedrifta har mange hektiske dagar før sommarsesongen set inn for fullt.

– Har du nokon tips til folk som skal ha båten ut på sjøen igjen etter vinterlagring?

– Sjå etter at alt er som det skal vere, at alt fungerer. Det er hovudsakleg berre det, seier Oddvar de Fine.