Prøveleiinga i Vestlandets Fuglehundklubb (VFK) vil minne om at denne helga går Vestlandets Fuglehundklubb sin skogsfuglprøve i Fitjar.

– Me har hatt fem parti ute laurdag og skal ha fire søndag (ca. 50 startande). Opprop begge dagar er på parkeringsplassen ved Idrettsplassen klokka 8.30.

Dei fleste går ut frå brakkeriggen på Midtfjellet. Eit parti på Sæterbøfjellet.

Det er flott terreng og mykje orrfugl dei fleste plassane.

Hovudkvarter er i Dåfjorden, og kontaktperson er prøveleiar Anne Grete Langeland, tlf. 901 48 290, heiter det i ei melding til fitjarposten.no.