No er tida for den årlege teljinga av fuglar som overvintrar.

I fjor var det fire personar frå Fitjar som sende inn og fekk registrert teljinga si. Lillian Hovstad var ein av desse, og ho er i ferd med å gjere det same denne vinteren. Ho fortel kor kjekt det er å sitje ved kjøkkenbordet og sjå på fuglane. Registreringsarket ligg klart og det går fort å telje og krysse av. Lillian legg til at  dei fleste fuglane er skjerre, så ein må helst  bevege seg roleg. Gråspurv og kjøtmeis dominerte på foringsplassane i Fitjar. Pilfink er ein sjeldnare gjest. På landsbasis er det mest kjøtmeis og blåmeis. Det er Norsk Ornitologisk Foreining som står bak tiltaket. Målet er blant anna å finne ut korleis klimaendringar påverkar artssamansetjing av fuglar. Oppslutnaden var litt mindre i fjor enn føregåande år. Harde vintrar, som til dømes i 2010 og 2011, skaper problem for ein del fuglar. Men fjorårsvinteren retta opp litt av dette, kan ein lese i bladet Fuglevennen.  På nettstaden www.miljolare.no finn ein bilete av mange ulike fuglar og ei lita lydfil. Då har ein gode hjelpemiddel når ukjende fuglar set seg på fuglebrettet.

Helga 25. – 27. januar føregår fugleteljing i dei nordiske landa. Dette året er det sjette gongen.

Dersom du ønskjer å vere med, kan du gå inn på www.fuglevennen.no Der finn du orientering og blir vist til registreringsskjema. Du kan og sende inn bilete av fuglane som nyt godt av den maten du spanderer på kalde vinterdagar, om det er kornband, talg, solsikkefrø eller anna.