Ann-Kristin Helland Gujord frå Fitjar disputerer fredag til doktorgrad ved Universitetet i Bergen, Det humanistiske fakultet.

Prøveforelesinga finn stad i ettermiddag, doktordisputasen fredag morgon.

Temaet til Ann-Kristin Helland Gujord er retta mot folk som lærer norsk som 2. språk, og ho har spesielt forska på to ting innanfor dette.

1. Generelle prinsipp for innlæring av språk nr. 2.
2. Korleis verkar morsmålet inn på læringa av språk nr.2.

Dette er sjølvsagt svært forenkla sagt. Meir om disputasen, og bilete av Ann-Kristi, finn du her.

-Det har vore ein lang prosess, men veldig kjekt, seier Ann-Kristin til fitjarposten.no. Ho jobbar elles som 1. amanuensis. Ei stilling som er delt mellom forsking og undervisning.