Tal ifrå Statistisk Sentralbyrå fortel at Fitjar ligg på niande plass mellom kommunar i Noreg med høg fruktbarheit.

Det ble født 58 500 barn i Noreg i 2007. Talet tilsvarer at kvar kvinne i gjennomsnitt føder 1,9 barn i løpet av livet, det høgaste tallet sidan 1991, og same som i 2006. Gjennomsnittsalderen for dei som vart mødre, er òg stigande.

Fruktbarheita er lågast i byane, og aller lågast er ho i Oslo med 1,68 born per kvinne.

Kommuner med høg fruktbarheit finn me stort sett på landsbygda langs kysten .Røyrvik toppar statistikken med 2,9 barn per kvinne. Så følgjer Modalen, Stordal, Gjemnes, Lund, Snillfjord, Giske, Hægebostad, Fitjar og Hå. Fitjar sin gjennomsnitt er 2,33.

-Det er 2,1 barn per kvinne som er den magiske grensa for å oppretthalde befolkningstalet, om ein ser bort ifrå til- og frå-flytting. Det er berre Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag som ligg over denne fødselsraten.

Etter andre verdenskrig har tendensen i Noreg vore at stadig fleire flyttar frå utkantane til dei større byane, enn motsett veg. I 2007 bytta nesten 4,3 prosent av befolkninga i Noreg bustadskommune, og kvinner i alderen 20-24 år flytta oftast. Dette er endå ei utfordning for å få opp barnefødslane, skriv tv2.no