Nobukazu Imazu som blei ordinert i Fitjar kyrkje i dag, er ei direkte frukt av norsk misjon. -Det er nesten som ein profetisk hending, sa biskop Ole D. Hagesæther i sin tale til den nye presten.

-For no er det ikkje berre me som reiser ut, nokon kjem tilbake, fortsette Hagesæther, etter å ha fortalt korleis Nobukazu Imazu var blitt døypt som ungdom, etter at han hadde høyrt Ordet og kome til tru ved Norsk Luthersk Misjonssamband sitt arbeid i Japan. Så kom han til Noreg for å gå på folkehøgskule. Seinare har det blitt det studier på Fjellhaug og ved Menighetsfakultetet, før han etter ei kort tid i teneste andre plassar, no har tatt til som Kyrkjelydsprest i Fitjar.

-Ut i frå Efesarbrevet 2: 10 om at trua er ei gåve, minna så biskopen den nyordinerte presten om at vi er Guds verk, og at vi ikkje er meire enn det vi har fått. Så la han til: -Eg trur Gud hadde ein smil om munnen då han danna deg der borte i Japan, og tenkte: -No skal eg gje nokon i Noreg ei overrasking! Men hugs: Du er Guds verk, og det er Kristi gjerningar for oss du skal dele ut. Det er ikkje dine ord. Det er kyrkja sine ord som lyder ved Den Heilage Ande:-Kom for alt er ferdig!

Nobukazu Imazu (eller Nobu) som han gjer ser at me kallar han til dagleg, preika i sin ordinasjonstale over teksten med farisearen og tollaren, og sa:

-Vi har lett for å gjera noko anna enn det Guds Ord ber oss om. Men vi må lese Guds Ord og halde fast på det!

Hos tollaren kan me merke ei tydeleg bevegelse mot ein nådig Gud. Difor hadde han òg gått til templet for å be. Og han gir uttrykk for at han veit at han er ein syndar, og ikkje har noko anna å stole på enn Guds nåde. Vi må òg forstå at vi er syndarar for å kunne finna ein nådig Gud. Bibelen fortel at tollaren gjekk rettferdiggjort heim til sitt hus, farisearen ikkje, sa Nobu til slutt, og oppmoda kyrkjelyden om å be for han, og den tenesta han no står i.