Det har blitt ein tradisjon å innby til frukost i advent og før påske.

Då Reidun Helland ønskte velkommen, var det mange på plass ved borda. Minst ein tredjedel av desse var tilreisande gjester.

Ved hjelp av fine bilete på flanellograf vart palmesøndags-bodskapen formidla til små og store. Etter song og andakt fekk alle ei hyggjestund saman med ferske tebriksar, godt pålegg og ein god drøs. Magnus  hjelpte mamma med ein konkurranse. Han fekk prøva litt av lærdommen frå SLUSH-kurset på Fitjar forrige veke.

Dei fleste borna stilte villig opp for å vera med å syngja. Endre som fyller 69 år i dag, vart nok overraska då borna stemde i med Happy Birthday.