Ein personbil og ein lastebil frontkolliderte på Bømlo i ettermiddag. Men ingen vart alvorleg skadde.

-Kollisjonen fann stad på Katla på Goddo. Begge førarane vart tekne med til lokal legevakt for sjekk. Dei var begge menn. Den eine var 25, den andre 52 år, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Johan Inge Særsten.