– Per i dag har me eit flott knippe engasjerte badevakter, men me bør få inn fleire i løpet av kort tid.
Ifølgje Redningsselskapet sin drukningsstatistikk har totalt 78 personar drukna i år. Det er sju fleire enn på same tidspunkt i fjor.
– Når ein ser slike tal, forstår ein kor viktig det er at alle kan symja. Kanskje særleg alle som bur på ei øy slik som oss, skriv Fitjar frivilligsentral i ei melding til Fitjarposten.
Frivilligsentral har hatt ansvar for å tilretteleggja og koordinera Fitjar idrettslag sitt tilbod om familiebading.
– Me har flinke og engasjerte badevakter, men me har lyst på fleire. Ein får gratis kurs, lov til å nytta bassenget når du ikkje har vakt, og du bidreg til å halda oppe eit godt folkehelsetilbod i bygda vår.
Bading finn stad kvar mandag (skuledagar) frå oktober/november til starten av mai.