I eit reklamestunt i høve 50-årsjubileet sitt ønskte Thorsengruppen AS, saman med Konica Minolta Norge, å gle nokon med ein ny kopimaskin.

Den heldige vart Fitjar frivilligsentral «som gjennom årelangt arbeid har lagt ned svært mykje tid og krefter i arbeidet for å legga til rette for eit godt oppveksmiljø for ungdom i Fitjar kommune».

Den offisielle overrekkinga av maskinen fann stad i går i lokalet til Stiftinga Fitjar Frivilligsentral, og overrekkinga vart gjort av Magnar Drange frå Thorsengruppen AS og Jan Pettersen frå Konica Minolta Norge.

Ellinor Bergesen ved Frivillgsentralen uttalte at dette var ei kjærkomen gåve til eit lag som har hatt eit minimalt budsjett for kontorutstyr.

Ellinor Bergesen, som er primus motor for Fitjar Frivilligsentral, fekk overrekt blomster og gratulasjonar av Magnar Drange (t.venstre) frå Thorsengruppen AS, saman med Jan Pettersen frå Konica Minolta Norge.

Me vart, i god tradisjon, teken varmt imot av Ellinor Bergesen, som viste kva hjartelag denne dama har, ved å stilla med heimelaga sjokolagdekake, kaffi og brus.