Frivilligprisen for 2011 går til Turid og Harald Sandvik. – Me er mest mållause, seier prisvinnarane til fitjarposten.no.

Det var i føremiddag at leiar Ellinor Bergesen og styrerepresentant Nils K. Rydland i Frivilligsentralen troppa opp heime hos ekteparet med denne gladmeldinga, følgt av blomar, brev – og invitasjon til feststund i samband med prisutdelinga. Det skal skje i Kultursalen i Fitjar kultur- og Idrettsbygg måndag 5. desember. Då vil dei få overrekt prisen av ordførar Wenche Tislevoll.

– Sjølv om dei mest var litt brydde då dei fekk vita om heideren, vanka det både kaffe og godkake til oss som kom med meldinga, i den trivelege kjøkkenkroken hos ekteparet, fortel Ellinor Bergesen.

Frist for å koma med framlegg til frivilligprisen gjekk ut 10.november, og det kom inn fem forslag.

Kriteria for tildeling av frivilligprisen er nedfelt av Kulturdepartementet og har følgjande ordlyd:

«Prisen skal gå til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idear og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og bidratt til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn».

– Styret la fram forslag til vedtak om å tildela prisen til ekteparet Turid og Harald Sandvik. Dette vart seinare einstemmig vedteke ved votering. 
Ekteparet var foreslått til frivilligprisen i 2008, og no i 2011. Dette med bakgrunn i følgjande grunngjeving:
 Ekteparet har gjort mange frivillige arbeidsoppgåver gjennom 30 år – for born og unge, både når dei var yrkesaktive og etterpå.  4H-arbeid, Tysdagsklubben, og i seinare år tilskiping av eldretreff i Øvrebygda.

Vidare har ekteparet i mange år vore med på matutkøyring til heimebuande eldre, gjennom frivilligsentralen. 
Totalt sett har paret ei svært stor breidde i den frivillige innsatsen, både for barn og unge og for eldre sambygdingar.

Turid har òg gjort ein stor frivillig innsats som medarbeidar i Fitjarposten.

Me gled oss over den velfortente prisen – og gratulerer.