Øyvind Skålevik får frivilligprisen 2007. Prisen vert utdelt under frivilligfesten i Klubbhuset, Fitjar Idrettspark 10. desember.

-Øyvind Skålevik har vore nominert til Frivilligprisen i 2006 og 2007 og no vurderte styret i Frivilligsentralen at det var hans tur i år.
Øyvind Skålevik fyller kriteria til Frivilligprisen til fulle, spesielt overfor sitt engasjement i Fitjar Idrettslag der han har stått på til glede for andre i veldig mange år.
Ein svært verdig prisvinnar!, fortel Ellinor A. Bergesen til fitjarposten.no, og legg til:
-Ordførar Harald Rydland vil overrekkja sjølve prisen under Frivilligfesten der styret byr inviterte frivillige på betasuppe, kaffi og kaker, litt underhaldning og god drøs. Dei øvrige frivillige vil oververa utdelinga av Frivilligprisen. I tillegg vert det ein del orientering om den daglige drifta i Frivilligsentralen.