Juryformann Gro Jensen Gjerde i Fitjar Frivilligsentral overrekte brev og blomar til frivilligprisvinnaren i Skyttarlagskjellaren i Fitjartun i kveld.

Vik, som får prisen for sitt skyttarlagsarbeid både lokalt og nasjonalt, vart sjølvsagt svært glad då nyheita vart kjent.

-Knut Vik er ein utmerka kandidat til prisen. Han har via mykje av sitt vaksne liv innan Skyttarlag både lokalt og nasjonalt.  I tillegg har han engasjert seg som natteravn i Fitjar dei siste åra, for å supplera sitt engasjement kring ungdomane.  Både han, dottera og hans avdøde hustru var natteravn tidlegare, noko som vitnar om ein engasjert familie.

Eg spurte Knut Vik om ungane hans er bitt av «basillen» med skyting. Dette bekrefta han med å fortelja at alle ungane hans har vore aktive i Skyttarlag – nokre av dei er fortsatt aktive etter at dei er vaksne.
Sommerferiane til Knut Vik og familien har alltid vore lagt kring Landsskyttarstevne, der dei har reist rundt i Noreg og delteke.

Knut Vik har elles ei lang merittliste kring Skyttarlagsarbeid. Han er blant anna Vestlandet sin representant i  Ungdommens Skyttarlandsråd . Til helga skal han bruka fritida si på møte i Oslo.

Ordførar Harald Rydland vil utdela årets Frivilligpris under samkome i Fitjartun 1.desember i samband med årleg frivilligfest for Frivilligsentralen, skriv Ellinor Bergesen i Fitjar Frivilligsentral.