Styret i Fitjar frivilligsentral, representert ved Geirmund Aga, og leiar Ellinor Bergesen, var i går med brev til ekteparet Gerd Marit og Svein Lunde om at dei vert tildelt årets frivilligpris.

Prisen får dei for deira langvarige frivillige engasjement for kulturliv, då spesielt retta mot skulemusikken.

– Lista er lang over innsatsen paret har ytt overfor musikklivet i Fitjar. Svein har mellom anna vore materialforvaltar for skulekorpset i 15 år. Begge to har stått på for at skulekorpset skal ha godt miljø og gode vilkår. Dei mobiliserte òg i eit år da skulekorpset nesten  var eit avslutta kapittel – og vi veit jo kva skulekorpset er i dag. Det er berre vellæte å høyre når det gjeld korpset sitt engasjement, glød og trivsel i dag. Dei har nådd langt i konkurransar og har ein flott stab. Ekteparet Lunde er eit godt døme på god frivillig innsats.

Det var kome framlegg om tre kandidatar til årets frivilligpris denne gongen. Det er 3. året på rad ekteparet Lunde er nominert.

Frivilligprisen vert utdelt under årets samkome og frivilligfest for Frivilligsentralen 3. desember i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg kl. 19.00. Ordførar Wenche Tislevoll vil dela ut prisen.