Frivilligprisen for 2012 går til Fitjar bygdekvinnelag. Prisen vil bli utdelt 5. desember i Kultursalen.

Fitjar Bygdekvinnelag er nominert via innsendte forslag til frivilligprisen.

Styret i Fitjar Frivilligsentral er jury for utdeling av frivilligprisen og har følgjande
 kriterium for tildeling: «Frivilligprisen skal gis til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idear og pågangsmot har betra trivsel Og livskvalitet for andre, samt bidratt til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.

Det er ordførar Wenche Tislevoll som vil dele ut prisen 5. desember, i eit arrangement med middag, kaffi og underhaldning.