Finn Ingvar Havnerås er tildelt Frivilligprisen for 2009. Prisen vil bli utdelt 10. desember.

Styret i Fitjar Frivilligsentral er jury for tildeling av innleverte forslag til kandidatar for Frivilligprisen. Når det gjeld årets prisvinnar, er det lagt vekt på prisvinnaren sitt engasjement for bygda han bur i gjennom:

– å ta seg av plenane i sentrumsområdet,

– plukka opp store mengder boss i helgane, frå skyssbrekko – inn til Årskog,og vidare ned Hungersdalen opp til Tveita..og gjerne litt til om det trengs.

Prisvinnaren gler seg over ei bygd som ser bra ut, både for sin eigen del og andre som ferdast her.

I tillegg har han, som fleire sambygdingar, ei frivillig merittliste i idrettslaget.

Tildelinga av prisen vert 10.desember under førjulskveld for frivillige i Fitjartun, Ordførar deler ut prisen.

Kriterier for tildeling av Frivilligprisen:

«Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person eller lag/org. som gjennom sine idear har betra trivsel og livskvalitet for andre. Med sine idear og sitt pågangsmot har dei/han /ho medverka til eit meir ope, og aktivt samfunn. «