Politiet melder om at ein delvis nedsøkt fritidsbåt er funnen ved Lillens på Fitjar.

Søndag klokka 11.02 fekk politiet melding om at det var funne ein fritidsbåt delvis nedsøkt i sjøen ved Lillenes på Fitjar. Båten er ein Hobby 430 med påhengsmotor på 25 hestekrefter. Båten har registreringsnummer RBN 848. 

– Politiet har så langt ikkje lukkast i å få kontakt med eigaren av båten, opplyser operasjonsleiar Harald Aase ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.