Fitjar Idrettslag minner om at fristen for å ta idrettsmerket i 2011 går ut om nokre timar.

Men det er enno ikkje for seint, seier Rolf Vik i idrettsmerkenemnda. Han lovar at det vil vera røynde kontrollørar på plass i Fitjar Idrettspark i morgon, for å få med seg dei siste etternølarane. 

På nettsida til Fitjar Idrettslag kan du lesa sjølv om du er blant dei 60 som så langt er registrerte som  idrettsmerketakarar i år. Idrettslaget håper å nå opp i same talet som i fjor, 82, men då er dei kanskje avhengige av at nettopp DU tar turen til idrettsparken i morgon, nyårsaftan kl. 13.00.