Fitjar kommune står oppført med seks lister i høve kommunevalet i september.  Ei av listene er truleg ukjent for dei fleste i bygda.

På kommunen sine nettsider kan ein sjå alle dei seks listene som er innleverte. Det store nye er ei liste som har fått namnet Fitjarlisto.  Me har fått stadfesta at lista er gyldig med 7 namn, og ho er lovleg innlevert innan tidsfristen, utgangen av 31. mars.
I samtale med Kristian Skumsnes som står øverst på lista, får me vite at det viktigaste å kjempe for er trivnad i bygda vår, og lista er politisk uavhengig.

Alle dei seks listene som føreligg er  korrekt innleverte. Ca. 20. april skal dei handsamast i valstyret og godkjennast. Listene til  Sp, Ap, Frp, KrF og Høgre er kunngjort i media tidlegare. Kvart parti kan trekkje si liste innan den ovannemnde datoen.

FITJARLISTO 2011

1. Kristian Skumsnes
2. Rune Helland
3.  Monica Strand
4.  Gisle Vik
5. Jon Arvid Skumsnes
6. Lars Dalen
7. Iren Hamborg