Sonja Fitjar Waage har sendt oss ei bilethelsing frå avslutningsturen til 10. klassingane ved Rimbareid Skule.

-Turen gjekk til Evje i Setesdal der ein lokka med «Trollaktivleir». Elevane fekk verkeleg prøva seg med elverafting, fjellklatring, rappelering og paintball.

Gode tilbakemeldingar frå ungdommane vitna om at dei hadde ein flott og opplevingsrik tur med spennande med utfordringar som dei ikkje hadde prøvt seg på før.

» Ein strålande kjekk gjeng med ungdommar», melder ein av dei vaksne som var med på turen,( vonar det ikkje berre var innhabile foreldre som sat att med den oppfatninga), skriv Sonja Fitjar Waage til fitjarposten.no.