Fjerdeklassingane på Rimbareid skule hadde ein fantastisk flott «Frisk som ein fisk-dag» på Fitjar vidaregåande skule, nyleg.

-Er det verkeleg mogleg å vera så heldige som me i klasse 4a og 4b var denne veka? No trur du kanskje at me vann i ein konkurranse eller noko?

Nei, det var noko mykje betre enn det!
Me vart nemleg inviterte til å vera ein heil dag på vitjing på Fitjar vidaregåande skule!
Og me lyg ikkje når me seier at det var den kjekkaste skuledagen me har hatt på kjempelenge.

Du veit vel at om du vil halda deg ”frisk som ein fisk”, så lyt du både eta sunn mat og helst vera mykje ute på tur! Og me fekk gjera begge delar denne kjekke dagen.

Inne på storkjøkenet på skulen fekk me laga den beste fiskemiddagen me har smakt nokon gong. Ikkje for å skryta av oss sjølve, altså… Men det smakte berre kjempegodt.

Kokkeelevane var veldig flinke å visa oss kva me skulle gjera. Men det kjekke var at me fekk lov å gjera alt sjølve.. Tru det eller ei, men mange meinte faktisk at denne middagen til og med var betre enn ein heil pose med godteri………

Elevane på ”Barne og ungdom” tok oss med ut på tur på ein strandsti. Her var det mange spanande aktivitetar og oppgåver me fekk prøva oss på. Me lærte mykje om livet i fjæra, om ulike fiskar, songar og mange andre ting.

Litt regn gjorde ikkje noko. Me hadde sjølvsagt kledd oss for å vera ute. Og me er trass alt vestlendingar, så regn det tåler me!

Alt i alt var det ein heilt topp dag.

Tusen takk til Margareth og dei andre lærarane, og til Lasse og dei andre elevane på skulen.