I juni vil friluftsrådet sjøsette og døype ein ny båt til bruk i Fitjarøyane. Kva båten skal heite kan du væra med å avgjerde ved å sende namneforslag til Frilutsrådet Vest.

Friluftsrådet Vest har nett kjøpt ein ny hurtiggåande båt. Dei har fleire båtar i området deira som omfattar 12 kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Desse båtane er stasjoner i midtre og sørlege delen av området. Den nye båten vert stasjonert på Fitjar og skal nyttast i samband med vedlikehald av friluftsområda i Fitjarøyane. Bård Inge Sørfonn har ansvar for drift og vedlikehald av båten.

Med kartplottar, GPS, ekkolodd og marsjfart på 35 knop vil båten verta ein god arbeidsreiskap til å koma seg fram mellom øyar og skjær i Fitjarøyane.

Båten har enno ikkje fått noko namn. Dette kan du vera med å bestemme. Du må då sende namneforslaget til post@FriluftsradetVest.no . Dei som sender inn forslag vil væra med i trekning om ein ryggsekk frå Friluftsrådet.