Torsdag fekk den nye båten til Friluftsrådet namn. Dåpen fant stad i frisk nordavind ved kaien i Fitjar. Namnet vart ”Kari”.

Leiar for styret i Friluftsrådet Vest, Astrid Larsen, Stord var gudmor då båten blei døypt ved kai på Fitjar. ”Kari”,  eit vel kjent kvinnenamn i Noreg, blei namnet. Båten er ein av tre som Friluftsrådet Vest eig og driv. Denne båten skal stasjonerast på Fitjar og ha arbeidsområde i Fitjarøyane, Bømlo og sørover til Stord. Båten kostar om lag kr. 250000. SKL har gitt kr. 50000. Resten av kjøpesummen er det Staten og Fylkeskommunen som tek.
Friluftsrådet Vest forvaltar i dag 7 områder i Fitjar. 5 av desse ligg i øyane ( Eldøy, Smedholmen, Tranøy, Teløy og Straumøy ). Med ein praktisk båt vil vedlikehald av områda verta mykje lettare. Bård Inge Sørfonn er sett til å ha ansvar for båten.
Utrustinga av båten er gjort av Fitjar-firma Altimek ved Hans Engel Ivarsøy.