Friluftspakka som Fitjar fekk i gåve frå Friluftsrådet Vest nyleg er no til utlån.

Dette er ei friluftsutstyrspakke til skular, lag og foreiningar i Fitjar kommune. Pakka består av 7 kanoar, 1 lavvu (15 manns), bålpanne og diverse kokeutstyr.

– Utstyret er plassert på Rimbareid barne- og ungdomsskule, som er vertsskule, og alle som ønskjer å bruke utstyret må venda seg til skulen for å reservera pakka. Det går sjølvsagt an å berre låna delar av utstyret.

Kanohengaren av av type Macinaw 156 som er ein brei og solid kano med lågt tyngdepunkt og god stabilitet.

Utstyret er skaffa til vege av Friluftsrådet Vest med støtte frå Hordaland fylkeskommune, spelemidlar og ca 20 % frå kommunen, skriv fitjar.kommune.no.